Vennebrev – Februar 2024

Kjære alle venner av Flymisjonen, eller: Evangeliet til muslimene, som stiftelsen eigentleg heiter.Det er tid for eit nytt “Vennebrev”. Det er med stor glede og takksemd vi får rapportere frå eit nytt besøk til Etiopia. Eivind Lobekk og Anders Dalane reiste frå Sola den 29. januar, via Frankfurt til Addis Abeba. Avtalen vi har gjort…


Kjære alle venner av Flymisjonen, eller: Evangeliet til muslimene, som stiftelsen eigentleg heiter.
Det er tid for eit nytt “Vennebrev”. Det er med stor glede og takksemd vi får rapportere frå eit nytt besøk til Etiopia. Eivind Lobekk og Anders Dalane reiste frå Sola den 29. januar, via Frankfurt til Addis Abeba. Avtalen vi har gjort med samarbeidspartnarane våre i Etiopia, seier at etter eitt år er det tid for evaluering. Og nå i januar var det eitt år sidan me skreiv den nye avtalen. I mailutvekslinga me hadde i framkant av besøket var det klårt for oss at me ikkje kunne få komme heilt ned til Wadera og Harekello. Uro og krigsliknande hendingar langs vegane i distrikta der gjorde det umogeleg. Men me hadde avtalt med synodepresidenten at han skulle møte oss i Hawassa, og at me skulle kjøre i lag ned til Adola Weyu (tidlegare Kibre Mengist) og til Shakiso.
Reisa til Addis med fly, og derifrå til Hawassa med bil, gjekk veldig greitt. I Hawassa kom synode-president Gelo, og vi hadde ein god samtale med han der.
Me vil gjerne få dele med dykk det han fortalde som “mitt vesle vitnesbyrd i dag”, som han sa: “Eg hadde vore ute på besøk i menigheter i distriktet, og var på veg frå Wadera til Adola. Det var berre sjåføren og eg i bilen. Brått og uventa stoppa motoren. Bilen rann ut i vegkanten, og vi stoppa der. Prøvde å få start fleire gonger, men motoren var heilt død. Kva kunne vera gale? Kanskje vatn i dieselen, eller eit tilskitna filter, tenkte vi og gjekk ut for å prøve å finne ut av det. Ein minibuss med passasjerar kjørte forbi oss, men kom ganske snart tilbake. Han stoppa, og spurde kva som var gale med bilen vår. Vi forklarte at det visste vi i grunnen ikkje ennå. Men at vi prøvde å finna utav det. Om de får start på bilen igjen, må det ikkje fortsette mot Adola, sa sjåføren! Vegen er blokkert litt lenger framme. Det er opprørarane som har sett opp vegsperring, og dei tek alle som kjem dit. Eg såg det i tide til å få snudd bilen før det var for seint. Nå kjører vi tilbake til Wadera by.
Sjåføren og eg såg på kvarandre- kva skulle vi vel gjere? Vi får gjere eit siste forsøk på å få start, sa eg. Vi sette oss inn i bilen, sjåføren vrei om tenningsnøkkelen – og bilen starta! Vi snudde der på vegen, og kjørte tilbake til Wadera og overnatta der. Neste dag kjørte vi heim til Adola. Vi er i teneste for ein stor Herre, som har omsorg for oss,” avslutta synodepresidenten!
Dagen etter starta vi på turen til Shakiso. Vegstandarden er noko ulik den vi er vande med i Noreg, for å seie det forsiktig! På dei verste strekningane synte motorsykkelen kvifor han er blitt så populær i desse områda: Vi vart fleire gonger passerte av motorsyklar som kjørte slalom mellom gropene i vegen på ein heilt annan måte enn minibussen vår makta, om enn sjåføren vår var aldri så dyktig. At det i snitt var 4 eller fem personar på sykkelen, det syner berre kor nyttig eit kjøretøy det er.
Eller han gjer nytte som som ‘lastebil’. Berre sjå på dette!

Frå venstre:
Synodepresident Gelo Gololcha, Elias Noh leiar for Girja distrikt, Abaula Sorsa, Nenko Ulfata Bibelskulerektor, Qes Tesfaye finansarbeidar i Synoden, Adola Wako leiar for Wadera distrikt, Oda Gambela leiar for Harekello distrikt.

I det forrige brevet (desember 2023) starta vi ein presentasjon av årets bibelskulekull. Her kjem resten av dei. Ver med å be for desse, at dei må få eit godt studieår, og at dei får bli til hjelp og velsigning når dei kjem tilbake til heimstadene.
Alle desse kjem frå ulike menigheter i Wadera distrikt.

Adisu

Demisie

Getachew

Hatiya

Miesa

Udesa

Gemechu

Vi har før nemnt evangelisten Abaula. Han som hadde fått ein motorsykkel av
Helgi i si tid. Den er forlengst utsliten, og han kom forsiktig og spurte om det var mogleg å få ein ny. Det var i oktober -22. Nå har me klart å finne pengar til ein ny motorsykkel. Men for ikkje å skape ugreie og misunning blant evangelistane, overlot me pengane til Synoden. Dei har kjøpt ein ny motorsykkel, og nå let dei Abaula disponere han så lenge det trengst. Om behovet endrar seg, går sykkelen tilbake til synoden. På møtet i Shakiso fekk Abaula overrakt skilta til sykkelen. Du kan tru det var stas!! Ein heilt ny TVS 150ccm.


Related Posts