Vennebrev, desember 2023

Kjære alle venner av Flymisjonen, eller: Evangeliet til muslimane, som stiftelsen eigentleg heiter. Me klarer enda den daglege drifta, somme har forplikta oss til. Det er me svært takknemlege for, og det er takka vere alle trufaste gjevarar. Takk skal de ha. Ordet når stadig ut til nye menneske, og Ordet ser ut til å…


Kjære alle venner av Flymisjonen, eller: Evangeliet til muslimane, som stiftelsen eigentleg heiter. Me klarer enda den daglege drifta, som
me har forplikta oss til. Det er me svært takknemlege for, og det er takka vere alle trufaste gjevarar. Takk skal de ha. Ordet når stadig ut til nye menneske, og Ordet ser ut til å nå hjertene til mange. Det er like stort under for kvart hjerte Ordet får nå. Arbeidet går sin gang i alle områda som
me støtter. Til no har me hatt Wadera og Harakello «Parish». I Wadera er det 75 menigheter/kyrkjer, pluss 18 mindre preikeplassar og 29 mindre faste preikeplassar. Dette har blitt for mange å administrere, derfor har dei valgt å dele den opp i tre mindre parisher; Wadera, Girja og Shakiso Bulalla. Heile Girja er menigheter utgått frå flymisjonen sine evangelistar. Harakello har sine 32 menigheter/ kyrkjer og 4 mindre preikeplassar og 14 mindre faste preikeplassar. Bibelskulen i Wadera vert driven berre av midler sendt frå Flymisjonen. Dette året går det 13 elevar der. Frå 2016 til 2023 er
det 125 menn og 4 kvinner som er uteksaminert på denne bibelskulen. Her ser me i Flymisjonen eit behov for litt tekniske hjelpemidler. Skulle ynskja me kunne klart å hjelpe dei økonomisk med dette. Dette vil me ta opp med skulen og ledelsen i Wadera for å vurdere mulighetene.
Vil helsa med nokre vers frå Joh. 20. 18-20 “Maria Magdalena kjem og seier til læresveinane: Eg har sett Herren! Og ho fortalde kva han hadde sagt til
henne. Om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka, var dørene stengde der læresveinane held til, av di dei var redde jødane. Då kom Jesus og stod midt imellom dei og sa til dei: Fred vere med dykk! Og då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane
vart glade då dei såg Herren.”
Måtte me alle få sjå Han som kom og tok på seg alt vårt, og bar det vekk frå Guds ansikt, slik at alle syndarar som ser hen til Han går fri.
E. Lobekk.


Bibelskulen i Wadera.
I 2016 vart det skilt ut ein ny synode frå Hagere Maryam-synoden. Den nye synoden fekk senter i byen Kibre Mengist, som nå var gitt nytt namn:
Adola. Og synoden fekk namnet Adola- Genale Synod (AGS). Genale er navnet Desember 2023 på ei av dei store elvane i området. Den
startar høgt oppe i fjellmassivet Bale Mountains, renn sør-austover og inn i Somalia, for så å munne ut i Indiahavet. 858 km lang, der 480 km er i Etiopia. Samstundes var det eit arbeid drive i to prosti i synoden, tilskunda og finansiert av Flymisjonen. Det var i prostia Harekello
og Wadera. Helgi Hrobjartsson var den som heldt i trådane i dette. Han pendla mellom Noreg, Island og Etiopia. I 2016 fekk Helgi Hrobjartsson drift igjen i Bibelskolen på den gamle misjonsstasjonen i Wadera. Som Eivind skriv her har 125 menn og 4 kvinner blitt uteksaminert
på denne bibelskulen sidan denne nystarten. Også anna arbeid har hatt sitt senter her. Men i denne omgangen vil vi sjå ett på årets studentar og lærarar.
Studiekullet dette året er på 13 studentar. Det starta 18 stk i september, men av ulike grunnar har 5 falle frå. 12 av studentane kjem frå Waderaområdet
og 1 frå Harekello distriktet. Dei 5 som måtte slutte av var alle frå Harekello-distriktet. Me vil her få presentere dei, men ei nærare forteljing om dei
må komma ved eit seinare høve.

Men, lat oss starte med eit bilete av den faste staben: Frå venstre mot høgre:
Nenko Ulfata, rektor Miesa Jilo, lærar Alemu Boru, timelærar Eyasu Chirisa, lærar Yayo Genale, tilretteleggar Rektor Nenko har vore ved skulen sidan
nystarten i 2016, medan timelærar Miesa Jilo vart tilsett nå i haust.

Klasserommet er enkelt, men det må klare seg. Pengar til oppussing har det ikkje vore mogleg å finne – ennå.
Ein av studentane i år kjem frå ein muslimsk bakgrunn, og er av den grunn ikkje med på noko bilete som er vist her.
Bibelskulen varer eitt år, og dei som ikkje er frå sjølve Wadera by bur på skuletomta. Yayo er den som tek seg av praktiske ting i den samanhengen.


Her er bibelskuleelvane saman med Yayo (fremst) og lærar Miesa Jilo (i kvit “lærarfrakk”) Som de kan sjå av snippen til Mieso er han prestevigd, og har også oppgåver i andre deler av MekaneYesuskyrkja.
Lat meg så berre få presentere nokre av elevane med førenamn…

Nagesa frå Wadera.


Girma frå Wadera.


Balako frå Harakello.


Boru frå Wadera.


Gumi frå Loluto. Har arbeidd i menighetene sidan 1970.

Sultan. (ikkje bilete.)
Tidlegare muslim.
Omvend for 7 år sidan.


Det får vere med dette for denne gongen.
Men vi vil gjerne få legge bibelskulen i Wadera, elevar og lærarar fram for dykk som noko det tar med på bønnelistene dykkar.


Det er ikkje så store flokkar med studentar, men tenk for ein verknad dei har i menighetene og på preikeplassane der dei kjem
etterpå! Ennå flokkar folk seg i deira distrikt for å få høyra evangeliet. Folk vender seg til Jesus i hopetal. Paulus fekk i eit syn sjå
ein makedonar som ba om hjelp: Ap.gj. 16,9 “Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på
han og bad: Kom over til Makedonia og hjelp oss!” Nå er situasjonen noko liknande i Adola- Genale Synoden. Leiarane ber oss om hjelp
til kunne utruste folk til teneste.
For det er så mange som kjem og vender seg til Kristus. “Det er ikkje lett å vere leiar når ein ikkje har folk å sende”, sa synodepresidenten til
meg. Vi vil så gjerne vere med og hjelpe, i bøn og med økonomiske midlar. Vil du også vere med?
A. Dalane.

1.
Gjer døri høg, gjer porten vid! Sjå Kristus,
Kongen, til deg rid! Han råder over alle
land, og er all heimsens Frelsarmann.
2.
Rettferdig kjem han til deg ned og byd deg
sæle, liv og fred. Stillferdig kjem han, utan
krav, og miskunn er hans kongestav.
3.
Han roper ut eit nådens år. Vår naud ved
han ein ende får. Og difor røyster utan tal
med lovsong honom møta skal.
4.
Å sælt det land, det hus, den gard som
denne drott til herre har! Ja, sælt det hjarta
og det sinn der denne kongen no dreg inn!

5.
Han er den sanne gledesol som lyser frå
Guds nådestol. Ved dette ljoset bjart og
klårt det dagast må i hjarta vårt.
6.
Gjer døri høg, riv stengsla ned og inn til deg
din konge bed! Då kjem han til deg mild og
sterk og fremjar i deg alt Guds verk.
7.
Mi hjartedør eg opnar deg! Å Jesus, stig
du inn til meg! Og lat meg her den nåde få
at eg din milde hug kan sjå.
8.
Ja, ved din Ande slik meg før, eg dagleg
opnar deg mi dør, så du kan alltid bu i
meg, og eg kan evig lova deg!



Related Posts