Reisebrev
Vi var to frå styret som la ut på Etiopia-tur fredag den 1. august. Det er alltid med mange tankar i hovudet ein tar ut på slikt. Ei lang, og litt slitsam reise er ikkje det ein gler seg mest til. Gamle folk og nattflyging på økonomiklasse er ikkje den mest lukkelege kombinasjonen. Men alternativa er ikkje mange, og reise-målet lokkar så sterkt at reise-middelet blir tillagt mindre vekt.
Og målet var sommarkurset for evangelistar og eldste som skulle gjennomførast i Adola (tidlegare Kibre Mengist).

Kvar sommar gjennom mange år nå har evangelistane + staben ved bibelskulen i Wadera, som stiftelsen støttar opp om, samla seg til eit ‘arbeidartreff’ med åndeleg og fagleg påfyll. Dei siste åra har og eldste og leiarar frå dei menighetene i MekaneYesus-kyrkja som dei tilhøyrer, blitt inviterte med. Det tykkjer vi er ein god modell. Det skaper samhald og einskap om det oppdraget ein er saman om: Å nå vidare ut med den gode bodskapen om frelsa i Jesus Kristus.
Vi landa litt forseinka i Addis Abeba tidleg morgon den 2. august. Då er det godt å bli møtt av ein trufast sjåfør og hjelpesmann, Selamyihun. “Eg kjenner det helst som at eg òg er ein del av denne misjonen,” sa han undervegs denne gongen. Og det var positivt meint og sagt av ein som høyrer til i den etiopisk ortodokse kyrkja.
Vi kjørte opp til Solomon Bogale sitt hus oppunder Entoto. Huset ligg på 2800 meters høgd og har utsyn over byen. Solomon er kontaktmann for stiftelsen i Etiopia. Han er nå pensjonist, men har vore tilsett ved NLM sitt hovudkontor i Etiopia i over 20 år. Og han har hatt mange og viktige posisjonar sentralt i MekaneYesus-kyrkja. I ulike råd og utval, i menighetssamanheng og i Dassc (kyrkja si prosjekt-avdeling). Så han har eit stort kontaktnett, stor kunnskap om kyrkja og er ein åndeleg leiartype. Betre kontakperson kunne stiftelsen knapt fått! Det er ei stor velsigning for arbeidet å ha han som koordinator og rådgjevar.
Etter frokost i heimen til Solomon starta vi på kjøreturen sørover til Hawassa. Eg tykkjer desse litt lange og lenge-varande kjøreturane er ei like stor oppleving kvar gong. Folkelivet, folkemengda, natur, lydar og lukter strøymer på, uavlateleg. Det tek liksom aldri slutt. Inntrykka er mange og sterke. Alt er så annleis enn her i landet. Men så rikt, så flott og samtidig så påtrengande samansett. Her er det folk som tydeleg ikkje høyrer til dei rike i verda, samtidig som nye bygningar og nye, flotte vegar minner om at nokre disponerer store pengeverdiar og. Og eselkjerrer, trillebårer med bananer og løk, saue- og storfeflokkar på veg til drikkeplassar kjempar alle om plass i den same vegbana som minibussar og privatbilar. Mangfaldet er stort!

Vel framme i Hawassa tok vi inn på eit lite hotell i sentrum. Ein gong var det nytt og fint, men vedlikehald kan vere ei stor utfordring.. Nå er myggnetta over sengene holete, og samlar heller fleire mygg enn dei stenger ute. Men maten er god og gjestfriheten langt over normalen!
Søndagen tok vi på gudsteneste i synodekyrkja. Eg skulle ynskt de kunne vore med! Fullsett kyrkje, ei god preike og nattverd etter det. Dei hadde fylt seks nattverdskalkar(slike runde boksar med plass til 36 nattverdsbeger i), men gjekk tomme før køen var slutt. Så etter ein pause med etterfylling blei nattverden ferdig. Fin sang frå sangboka under den høgtidelege stunda. Ein rikdom å få vere med!
Måndagsmorgonen starta kjøreturen sør-austover mot Adola. Den gode vegen er bytta ut med holete, sundkjørt asfalt. Det går langt fortare å kjøre motorsykkel med 5 passasjerar enn farten me klarer med minibussen. Men me sniglar oss fram, sakte men sikkert. Full tank med diesel har me og. Selamyihun stod heile sundags ettermiddag i drivstoffkø i Hawassa. Og han lukkast til slutt. Fekk fylt opp tanken, så nå har me nok til å komma til Adola og Shakiso, og litt på heimveg. Me håpar å finne ein stasjon til lenger sør, som har diesel å selje…

Vel framme i Gore, grensebyen mellom Sidamo og Oromia, møter synodepresident Gelo oss. Han har ‘haika’ med nokre frå synoden som skal til Hawassa og Addis Abeba. Nå går han over i vår bil, og blir me oss tilbake til Shakiso. Han er kraftig forkjøla, og skulle helst ha halde senga. Men han har hengt på seg munnbind for å beskytte oss. Kryp bak i minibussen og svarar av og til på telefonanrop. Tenk- han ofrar så mykje for at me skal kjenne oss velkomne og trygge! Og det gjer me verkeleg. Begge deler; velkomne og trygge. Kontrollpostane langs vegen er nesten alle borte, og ingen ber oss om å gå ut av bussen, ingen kontrollerer reisebaggasjen. Vi er nesten tilbake til ‘normalen’, slik det var for 5-6 år sidan.

Vel framme i Shakiso tek vi som vanleg inn på Heluya Hotel. Etter innsjekk er det å streve seg opp i 4. etasje. Heisen har aldri virka, heller ikkje nå. Og i 1800-meters høgd blir det reine treningsøkta.
Men vi har det godt. Får fine rom og godt stell.
Tirsdagsmorgonen startar sommarkurset. 45 minutt andakt kvar morgon, så kaffipause og prat før ‘førelesingane’ tek til. Vi møter kjente og nye fjes, helsar og kjenner oss som del av fellesskapen, sjølv om språkbarrieren er vanskeleg å komme rundt.
De skulle høyrt sangen! Når rommet blir fylt av mannsstemmer i samklang.
Første dagen song dei: “Han har samlet oss, sitt eget folk, fra forskjellige steder. Strakt ut sin velsignende hånd over oss. Velsignet være Ham som lar oss møtes! Vi vil evig lovprise deg!”
Og dei andre dagane: “Gud er ikke langt borte, Han er nær oss. Når vi roper så svarer Han. Uten tvil, dette er sant og skrevet i Hans Ord.”
Og dagen dei skulle reise heimatt lydde det:
“Vi fortsetter å tjene i Hans arbeid. Vår sjel er frelst ved Guds Sønn.”
Tenk å få vere med i arbeidet i Herrens vingard! Dei strevar og har mange vanskelege dagar, borte frå familie og venner. Men dei syng om å halde fram. For dei har sett og møtt Frelsaren. Og det brenn dei etter å fortelje vidare: Vi har møtt ein som er sterkare enn Satan, som elskar oss og gav livet sitt for at vi skulle få fred!
Så får vi del i velsigninga det er å komme saman. Dei står i førstelinja i striden. Vi kan berre bakke opp med forbønn og litt pengar.
Takk for at du vil vere med i dette arbeidet! Og takk for at vi fekk reise og representere dykk, helse frå dykk og fortelje om det som skjer i Noreg. Vi har mange helsingar og takk med tilbake.
Anders og Jarle
Kommende møter: